onsdag 4. mars 2015

Ordføraren les!

Eitt av arrangementa i bibliotekveka er "ordførerne leser".
Alle ordførarane i Telemark las høgt for barnehagebarn tysdag 4.mars.

Her er ordføraren i Fyresdal i aksjon.
Han las eventyra Pannekaka og De tre bukkene bruse.
4-åringane fylgte godt med, 
og dei var imponerte over å vere dei aller fyrste 4-åringane 
som fekk høyre ein ordførar lese høgt!


Etterpå teikna 4-åringane ordføraren og blei intervjua
 av ein ekte journalist.




Til slutt var det fruktfat og ballongar
- bibliotekveke er artig!





1 kommentar:

  1. I Vinje tok ordføraren på seg å lesa tre gonger sidan me har fleire barnehagar og mange born. Jakob og Neikob, og Storemonster og Veslemonster. Veldig triveleg! Flinke ungar og flink ordførar :-)

    SvarSlett