fredag 6. mars 2015

Ny webportal for Vest-Telemarkbibioteka

Felles informasjonsportal for biblioteka i Vest-Telemark.



  • Betre informasjon
  • Meir synlege 
  • Lett tilgang for brukarane





Prosjekt «Endring må til»

Biblioteka i Vest-Telemark hadde ynskje om å bli meir synlege. 


Nasjonalbiblioteket lyste ut utviklingsmidlar, og vi har heldige og fekk dette. Dei oppfordra i vedtaket til samarbeid med bibliotek som tidlegare hadde fått utviklingsmidlar, og vi tok kontakt med Biblioteka i Østfold. Dei hadde ein fått utvikla ein logo som vi godt kunne ønske å bruke. Det blei starten på samarbeide med Oktan reklamebyrå. Dei utvikla ei designpakke for oss som vi gjerne ville bruke i arbeidet med ein felles portal.

Prosjekt «Lett på nett»
Nasjonalbiblioteket hjelpte oss vidare. Det var mange val vi måtte ta stilling til. Dei kommunale websidene kunne ikkje  integrere biblioteka sine ynskje som m.a.  gjaldt søkefunksjonar og blogg. Buskerudbiblioteka hadde fått utviklingsmidlar til Webloft.no, og dei hjalp oss vidare. Vår nye portal er basert på deira utviklingsarbeid.
Telemark fylkesbibliotek formidla denne kontakten, og var ein god medspelar i første fase. Vi tok imidlertid kontakt med eit firma som hadde spesialisert seg på Wordpress, Nordweb.no for å få fortgang i arbeidet. Det er dei som har utvikla sidene våre slik dei er no. Vi er svært nøgde med resultatet og jobben dei har gjort.

Følg med, følg med! 
Vår nye nettportal finn du HER
Vi tar gjerne imot ros og ris eller gode idear kva gjeld grensesnitt og funksjonar på sidene. Vårt mål er at du som brukar og blir nøgd.


Kviteseid folkebibliotek
Anne Brit Borgen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar