fredag 13. mars 2015

ELEKTRISK LYRIKKVELD PÅ BIBLIOTEKET I ÅMOT

Då er bibliotekveka i Telemark gjennomført for fyrste gong i historia, og det krydde av arrangement rundt omkring i fylket.  

Forfattarkveldar, eventyrstunder, foredrag, låne- og instagramkonkurransar kan nemnast som nokon av aktivitetane.  Felles i heile fylket var tysdag 3. mars kl 10 då alle ordførarane i Telemark las for barnehagebarn.  I Vinje var vi så heldige at ordførar Arne var villig til å lese 3 gonger slik at alle femåringane i kommunen fekk oppleve det! Nynorske biletbøker simultanoversett til Vinjemål fungerte veldig bra! J

Men det som var hovudpoenget mitt med dette blogginnlegget var lyrikkvelden vi hadde onsdag 4. mars med Erik Gjestvang og Anders Blystad.

For ein kveld folkens!  Får de moglegheita til å høyre Erik «lese» dikt nokon gong så grip den sjansen!  

Då eg spurde litt om korleis han hadde tenkt seg dette, sa han at han visste aldri heilt kva han kom til å seie, men at han hadde start og slutt klart for seg.  Jaha, tenkte eg, går det verkeleg an?  Han må ha stålkontroll på manuset sitt viss han skal ta det etter innfallsmetoden.  Der var kjemisk fritt for manus og mannen siterte dikt så det gneistra av han!  Eg er så imponert at det er vanskeleg å uttrykkje det.  Han kunne ha konkurrert med gamle, greske Homer og gjengen!  Om eg hugsar rett, kalla Stein Versto det for «eit ordbad», godt uttrykk synest eg.  

Og så hadde vi Anders og gitarane sine: nydeleg eigenkomponert musikk slik at vi fekk fordøye orda til Erik.  Perfekt kominasjon – bøyer meg  i støvet for begge to.  Takk for herleg påfyll, karar! J

Bjørg Irene Abrahamsen, Vinje folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar