torsdag 19. februar 2015

Spanande bøker for ungdom!



"Blir det verre nå, lukkar eg boka!"
Slik er det nesten om du les desse bøkene om ungguten Leif.
I den fyrste boka, Død manns kiste,  er Leif og kameraten Paul på vestlandskysten.
Der passar de bygningane på ein folkehøgskule, dykkar og kikker på jentene.
Til ting skjer.
Og da skjer det!
Dei finn eit gamalt vrak, dei finn ei fråflytta bygd og dei aner at ein kjempe er etter dei. Kva er historia bak alt dei opplever?

I bok nr.2, Blospor i Klondike, er Leif med på hundeløpet Iditarod.
Leif legg i veg. Han er godt trent, og har ei heilt spesiell bikkje.
Dei trossar varsel om uvêr og hamnar i ein snostorm.
Trudde du bok nr.2 ikkje kunne bli meir spanade enn bok nr.1,
tek du feil.
Dette er ikkje bøker for dei sarte, og kanskje ikkje for dei under 13-14 år.
Her er grufulle drap og vond torturering - ver førebudd!

I tillegg til den reine spaninga, har båe bøkene ei interessant historie. I den fyrste boka er kaperverksemda langs kysten sentral, og i bok nr. 2 er oljeindustrien sett opp mot miljø og urbefolkning.

Lille Liam er ein skikkeleg bokorm,
men det er godt han eigentleg ikkje skjønte stort av Blodspor i Klondike!





















Liv B. Kiland, Fyresdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar