søndag 22. februar 2015

Historisk biletkveld på Fyresdal folkebibliotek 25.februar

Fyresdal Bygdemuseum og Vest-Telemark Museum planlegg ei ny utstilling i museumsbygget i Øyskogen sommaren 2015! 

Arbeidstittel: Liv og næring i Folkestadbyen.
Me ønskjer å fortelje historia om butikkane, bedriftene og kvardagslivet i Folkestadbyen frå slutten av 1800-talet til ca. 1960-talet.
Utstillinga skal i hovudsak vere av fotografi, men me ønskjer også å vise nokre gjenstandar som t.d. mjølkeflasker, butikk-skilt, handlekorg eller anna som er knytt til den gamle næringsdrifta.
Me inviterer difor til
HISTORISK BILETKVELD PÅ BIBLIOTEKET onsdag 25. februar kl. 18.00 - 20.30

Har du gamle bilete som visar næringslivet og kvardagen i Folkestadbyen?
Ta dei med så me kan scanne dei.
Ta gjerne med opplysingar om bileta også.

For spørsmål, ta kontakt med Ingun Momrak Haugan 970 21 023
eller Tilman Hartenstein 911 36 604.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar