onsdag 28. januar 2015

Litt om e-bøker, krigen og 7. klasse


På tysdag var det tid for eit klassebesøk igjen.  Denne gonga var det 7. klasse frå Åmot skule som kom.  Denne gonga mimra vi litt, og fann ut at då eg starta i biblioteket her, gjekk dei i fyrste klasse.  Og jammen hugsa dei noko av lesestunda vår også J  Bibliotekaren: ”Då var de små og søte” elev: ”Nå æ me store og stygge” J

Men litt ”fagprat” måtte vi jo ha med også så underteikna snakka litt om e-bøker.  Vi har nå tilgang til e-bøker, slik ca 500 titlar, om eg hugsar rett.  Ein må ha Nasjonalt lånekort for å kunne låne e-bøker, og det fiksar bibliotekarane for deg.  Ein må også vera obs på kva for programvare ein treng for å kunne laste ned boka.  Dette varierer frå ”dings” til ”dings”- android- eller apple-produkt.  Les rettleiinga på E-lån Telemark.  Lånetida er 21 dagar og vips, boka leverer seg inn av seg sjølv!  







I desse Tungtvannsaksjonen  -tider syntes eg det kunne passe å prate litt om boka: Over grensen av Maja Lunde.  Eg spurde om det var nokon som såg på TV serien, men det var det ikkje.  Litt synd i grunn, tenkte eg for det er jo nærmaste nabo det handlar om… Men tilbake til Over grensen: Det er hausten 1942.  Otto og Gerda – eit syskenpar på 12 og 10 år bur saman med foreldra sine og hushjelpa.  Sjølv om det er krig og lite av alt, har dei det dei treng.  


Ei natt vaknar Gerda av lydar ute i hagen og ho synest ho ser ein spøkelsesgut.  Det viser seg å vera ein høgst levande gut og han blir livredd då Gerda oppdagar han.  Rett etterpå blir dei invadert av politiet og tyske soldatar som ransakar huset.  Det blir klart for oss at familien har halde eit jødisk syskenpar skjult i huset.  Og sjølv om tyskarane ikkje finn dei, blir foreldra til Gerda og Otto tatt med til politistasjonen.  Kva gjer dei nå?  I huset kan dei ikkje vera lenger, og dei kan heller ikkje vise seg offentleg utan å bli arrestert.  Gerda og Otto må på ein eller annan måte hjelpe Sara og Daniel.  Korleis skal fire barn der to av dei er jødar klare dette?  Og kven i alle dagar kan dei stole på?  Det blir ein nervepirrande og heseblesande tur til sverige skjult på eit tog og resten til fots utan ekstra mat og klede i det fyrste snofallet den hausten…

Fleire i klassa ynskte å låne boka, aller helst ha ho som høglesingsbok.  Godt, då kjenner ein at ein har nådd fram eit lite øyeblikk J

Bjørg Irene Abrahamsen, Vinje folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar