tirsdag 13. januar 2015

Frå Lindmo til Seljord!


Han har vore hos Lindmo, nå kjem han til Seljord for å presentere boka si "En nese for alt : Hunden – menneskets nyttigste venn".  

Vi snakkar om Frank Rosell som har mykje å fortelje om den utrulege luktesansen hos hundar , den er 100 000 til hundre millionar meir sensitiv enn hos mennesket!  Det gjer hundar svært nyttige for oss, som t.d. i kampen mot smuglarar og andre kriminelle, i kampen mot kreft og i jakta på elg eller rype. 


Og Rosell har med hunden sin, Tapas!  Så i tillegg til prat og bilete får vi også sjå litt av korleis han trenar Tapas på plattform. 

Frank Rosell er professor i kjemisk återdsøkologi og han er tilsett ved Høgskolen i Telemark.  Arrangementet høver for alle hundevener, og det finn stad på møterommet  i 2. høgda på kommunehuset i Seljord tysdag 20. januar kl. 19.30.

Britt i Seljord








 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar