onsdag 21. januar 2015

Ferdaminne på Tokke bibliotek med Magne Skjævesland - Eit program om Aasmund Olavsson Vinje

Intimkonsert med Magne Skjævesland på Tokke bibliotek tysdag 21.01.15

Vellukka arrangement, men få tilhøyrarar. Skjævesland gjorde likevel det han kunne ut av konserten, hoppa etter hatten i eit hallingkast og skreppa hadde han med seg. Vi følgde han i Vinje sine  fotspor frå Ferdaminne i 1860 - i ord og tonar. Vare fine stemningar og det kjende "tvisynet" kom tydeleg fram i tekstane han hadde valgt.
Snøver og glatte vegar får vel ta skulda for at ikkje fleire møtte fram.

oooooo

Kva skjer på Tokke bibliotek frametter:

Ordførartreff:
I kveld - onsdag 21. er det tid for ordførartreff på biblioteket att.
Har du saker du ynskjer å ta opp eller innspel å koma med?
- Eller rett og slett bare vil ta ein prat?
Møt ordførar Hilde Alice desse datoane frå kl. 17-19:
Onsdag 21. januar, onsdag 11. februar, onsdag 04. mars, onsdag 25. mars og onsdag 15. april.

Velkomen

Eventyrdag på Tokke Kulturhus, med lesestund på bibliotek
onsdag 4. februar, kl. 10-14 
Ulike aktivitetar som formingsaktivet
Musikkverkstad
Lesestund på biblioteket
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar