onsdag 1. oktober 2014

Krimforfattar Merete Junker med ny bok, kjem til Vinje

krimforfattar Merete Junker er Camilla Läckberg sin norske favoritt!

Stad: Biblioteket i Åmot

Tid: 15. oktober, kl 18.30
8. oktober lanserar Junker Venuspassasjen (Kriminalroman)og veka etter kjem ho til oss i Vinje.  Det blir moglegheit til å få kjøpe signerte bøker av ho – fin bursdagsgåve eller jolegåve.
Merete Junker er født i 1959 i Skien, der ho framleis bur.  Ho debuterte som forfattar i 2008 med romanen Jenta med ballongen.  For den fekk ho Maurits Hansen-prisen Nytt Blod for beste norske krimdebut.  Junker er utdanna Cand.mag frå Universitetet i Oslo med faga kriminologi, historie og statsvitenskap.  Ho har jobba som journalist i radio og aviser, og som lærar i mediefag i den vidaregåande skulen.
Tidlegare utgjevingar: (alle tre finst også som e-bok)
Pumasommer Kriminalroman 2012
Tvillingen. Kriminalroman 2010
Jenta med ballongen. Kriminalroman 2008

Velkomen!
Vinje folkebibliotek 
Bjørg Irene Abrahamsen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar