tirsdag 9. september 2014

Sommarlesekampanjen 2014


Aud Eli trakk dei heldige vinnarane.
Kviteseid:
I Kviteseid er vi godt nøgde med dei flittige lesarane våre. Trass i supersommar har det vore mange som har levert lesekort. Det vi ser i år er at det er færre som har levert mange lesekort, men mange har levert eitt.
  • 1.premie: Den som har lese flest er Thorbjørg Kristin Kristjansdotter (8 år) som har levert 10 kort.
  • 2.og 3. premie blei trekt av Aud Eli i dag. Alle vil få gåvekort hos Kviteseid bok og papir. Dei heldige er  Agnes Marie Hageland (9 år) og Anna (Ja, det står berre det, men vi trur vi veit kven det er :-)
  • "Beste gut" Attel Saadat (9 år) vil få ein oppmuntringspremie. Han har lese 15 bøker i sommar.


Fyresdal: I Fyresdal var det ikkje fullt så mange innleverte lesekort som i fjor. Kanskje var det varmen og det gode badevatnet som lokka meir enn bøkene, men vi er likevel godt nøgde med 71innleverte lesekort. Små og store, gutar og jenter har lese, og nokre har lese mange, mange bøker!
Storlesarane Camilla Aamlid Aas og Annbjørg Bergland Haug vann 1. og 2. prisen. Oda Sigrid T. Olsen frå 2.klasse fekk det tredje gåvekortet. Gåvekorta kan dei bruke på Sporten i Fyresdal.
Lykke til med både sportsutstyr og vidare lesing.
Og  - den største vinsten er at alle som har vore med på sommarlesinga er blitt enda betre lesarar!

Seljord:  Da er leseaksjonen avslutta og vinnarane kåra. Heile 183 lesekort er levert inn ved biblioteka i Seljord og Flatdal, og det er nesten 100 fleire enn i fjor. 45 flinke ungar har lese over 900 bøker i sommar! 4. klasse frå Seljord barneskule var med på trekninga. 
Dei heldige vinnarane er:
  • Fabio Battaglia og Mina Stokkenes - gåvekort
  • Guro Venås Thorstensen og Katrine Braaten - kinobillettar
  • Silje Vala-Aakre, Tuva Lie Ståland og Ingrid Helene Gribowski - bokpremie

Og så må vi legge til: I år, som i fjor, er det systrene Silje og Mari Vala-Aakre som har levert absolutt flest lesekort, dei er reser-lesarar!  Vi gratulerer vinnarane, alle er kontakta.

Sommarles i Tokke:


 
Sommarles i Tokke vart avslutta fyrste veka i september og trekninga  vart foreteke straks etterpå. I år fekk me inn 91 lesekort tilsamen i Tokke og Høydalsmo, samt nokre lesekort frå feriegjestar som også ville vere med.
Den som hadde lest aller mest var Guro Skjelbred Djuve - ho fekk 1. premie og gåvekort. Elles vart det trekt 2 gåvekort til og fleire bokpremiar. Mange ivrige boklesarar og svært nøgde vinnarar av årets lesekonkurranse.
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar