lørdag 13. september 2014

Dyrskuvise - av seljordsdiktaren Hans G.Kivle

Ny rekord for Dyrskun i Seljord  2014;  framleis staden vi møtast andre helga i september.





I kveld er det andre Dyrsku-dag og vi  deler Hans Kivle si vise frå 70-talet. Den blei posta av dotteri Frøydis Kivle på Facebook idag, og det gler oss at ho vil dele den med oss.


Les meir om diktaren her: Fram frå gløymsla.
Rosemålaren, visediktaren og skribenten Hans Godtfred Kivle (1906 – 1991).








DYRSKUVISA

Når dagen styttes og det blir Krossmess
og Seljord fesjået stend for tur,
då bli det leven i alle gardar
med kjerringskvalder og kjerredur.
Og stivetøyet kjem ned frå skåpet,
og kyrkjedressen blir henta inn,
og oljetrøya og paraplyen
blir hekta ned i frå kroken sin.

Ja, Seljord sjået det er ei høgtid
me alle minnest på ymse vis,
med fyll og slagsmål,med leik og leven,
og sterk aroma av kyr og gris.
I oreholti ved Bygdaråi
der gjekk forretningi greitt og glatt,
der blei me lura i klokkehandel,
og såg at syndaren frå oss smatt.

Me minnest regn og me minnest solskin,
og Gotun låo med høy og rask,
med dans på Huset så golvet riste,
og attom veggen ein fesjåsmask.
Ja, det var moro og gildt å leva
når jenta blei som ein kjælen katt,
men du for tilstand då leiken slutta
og svarte kvardagen han kom att.

Me minnes Andres og Bjønn og Ola
som slost så skjurta sto stiv av blod,
me minnes Sterkoder,Fram og Gulbrand,
ja, Fobot, Maren og Litigod.
Men best me minnes vel tater Ludvik
med mord i augo og nykvest stål,
og Kongsberg fenta som dreiv og spådde,
og svor og skjelde på tatermål.

Ja, årets høgtid er Seljord sjået
med smør og lompe og lagerøl,
med fyll og krangel og varme jentur,
med tivoli og med suppesøl.
Her leikar ungdomen ør og galen,
og gamle krek finn sin ungdom att,
til opp dei vaknar i sut og pine
ved Bygdaråi ei fesjånatt.


Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

1 kommentar: