mandag 25. august 2014

ÆTT PÅ NETT

Kjenner du -
Gards- og ættesoga for Kviteseid på nett?



Kjem du på Bygdetunet i Kviteseid 31. august kan du møte erfarne slektsgranskarar og brukarar av Ættesoga frå Historielaget, Kviteseid folkebibliotek m.fl.
Du kan og ta kontakt med biblioteket for informasjon i vår vanlege opningstid. Vi har ope måndag, tysdag og onsdag kl.12-18.


Ættesoga bygger på boka til Torjus Loupedalen frå 1956, Kviteseid bygdesoge I. det er i dag 37.000 personar som er registrert i Ættesoga på nett. Det er om lag 57% fleir enn det som er i boka. I tillegg er det gjort mange rettingar og tilføyingar.

 


Du kan bli brukar.

For å bli brukar, med rett til å legge inn data, må du ha relasjonar til Kviteseid. Det  kan vere at du ikkje veit om du har dette. Snakk med oss, så gjer vi eit søk for deg, eller du kan søke sjølv i Ættesoga. Ta med deg informasjon om foreldre og/eller slekt på Bygdetunet, så kan du få hjelp til å legge inn dette og eventuelle bilete.


Anne Kleivi Nordskog med ungane på Nordskog og Bergly, Morgedal



Vi snakkast på Kviteseiddagen.


Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar