mandag 23. juni 2014

Reisebiblioteket

Fått nok av kvardagsliv og husvask?
Ut og reise i sommar?
Har du lyst til å vite litt meir om reisemål og stader langs vegen?

Då kan Reisebiblioteket vere noko for deg!

Reisebiblioteket er tilgjengeleg via ein app for Iphone.
App'en er gratis, og du finn han i App Store.

På reisebiblioteket kan du søkje opp staden du vil ha stoff om, og du får opp forslag til lesestoff på papir, e-bøker, lydbøker og filmar.
I utvalet er det både reiseguidar, kultur&historie og romanar.
Når du har valt ein tittel, blir du vist vidare til det næraste biblioteket som har boka.

Hugs at biblioteka i regelen kan fjernlåne for deg.
Så slipp du å reise til Honningsvåg for å låne boka.
Om du ikkje VIL reise til Honningsvåg, då.
Reiser du dit, og tek med deg ditt nasjonale lånekort eller skaffer deg et nytt kort dit du kjem, får du sjølvsagt låne det du vil.

Reis, lån og les - god sommar!
 
 
Liv B. Kiland - Fyresdal


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar