søndag 18. mai 2014

Salme til 17.mai

Mannen som kristna landsmålet
ELIAS BLIX

For det var i Lårdal kyrkje, i dag i Tokke prestegjeld, at det for første gong vart sunge nynorske salmar i ei gudsteneste. Første joledag 1884 utøver kyrkjelyden i Lårdal kyrkje heilag ulydnad. Dei syng tre Blix-salmar under høgmessa sjølv om ingen Blix-salmar enno er godkjende for bruk i kyrkja. Seinare i jolehelga gjer kyrkjelyden i Høydalsmo det same. Då prost Sønke Postimus Sønnichsen melder frå om hendinga til departementet, gjer han samstundes framlegg om at nynorske salmar må kome med i salmebøkene. Statsråden i departementet heiter Elias Blix.
Han let etterfølgjaren sin overta saka, som blir lagd på is. Dette skjedde ikkje før i 4.mars 1892.


 
Salme til 17.mai.

I Norigs vetter rann ein vår,
og sol reiv myrkret sunder.
Det var ein maimorgon klår
og fager som eit under:
Då rann vår fridoms sol,
vår gamle konungsstol
vart reist i Norig ny,
og upp frå bygd og by
steig lovsong yver landet.

Du Gud som gav oss dette land,
hjelp oss det trutt å verja
og stå som brøder hand ved hand
mot kvar som vil det herja!
Det høge, dyre ord
som våre feder svor:
Å standa fast som fjell
til gamle Dovre fell, -
det ord lat søner sanna!

So lenge fridomsdagen renn
med vårsol yver landet,
lat frie standa Norigs menn
og halda brodersbandet!
So renn då, maidag,
med ljose andletsdrag!
Renn fager, blid og fjelg,
du Norigs fridomshelg, -
velsigna millom dagar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar