fredag 23. mai 2014

E-lesing i år?

SOMMARTID - LESETID?


Har du ferieplanar og ynskjer lettare bagasje er E-bøker noko for deg.


Kviteseid folkebibliotek har hatt E-bøker for utlån ei tid. Desse er i EPUB-formatet. Ikonet/tegnet for e-bok ser du i trefflista når du søker opp bøker du vil lese. Liste over E-bøker for utlån


No kjem fleire av biblioteka i Vest-Telemark igong etter kvart. Spør på ditt lokale bibliotek om du kan låne E-bøker. Skaff deg eit nasjonalt lånekort så får du tilgang.



 Nødvendig programvare.


Du må undersøke kva for hjelpe-program du må laste ned på ditt nettbrett, lesebrett eller telefon for å kunne lese E-bøker. Det kan variere.

På Ipad er m.a Bluefire reader brukt.

 

Det er fleire plassar du kan laste ned e-bøker, sjekk også  desse:


E-bøker fra Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har lagt ut 40 sentrale norske verker i EPUB-formatet.


Bokhylla.no er Nasjonalbibliotekets portal for digitalt materiale. Bokhylla inneholder over 160 000 norske bøker utgitt før år 2001. Disse kan en lese på nett, i tillegg har Nasjonalbiblioteket 20 000 eldre titler en kan laste ned i PDF-format.
Biblioteket sin katalog har lenker direkte til bøkene som er tilgjengelege som E-bok. Sjå etter "Les e-bok"-lenka når du ser på boka i katalogen:

Bokselskap.no har digitalisert over 200 norske tekstar. Her finn ein Ibsen, Bjørnson, Kielland, Lie, Collett, Undset, Skram og mange fleire.


Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar