tirsdag 15. april 2014

Påskelesing - Tom Egeland tipsar deg



I påskeavisa til VTB har den kjende krimforfattaren Tom Egeland  tips til aktuelle krimbøker. Vi tillet oss å bringe tipsa vidare på vår blogg. Han har gjort eit utval både blant klassikarar og meir tradisjonell og moderne krim. Han nemner og Bibelen som stor litteratur og verdshistorias mest dramatiske brotsverk.


Arthur Conan Doyles superdetektiv Sherlock Holmes, eller Agatha Christie
John Dickson Carr og hans «Sort messe», som han reknar som ein av krimlitteraturens store klassikarar.



Djevelsk svartekunst, giftmord, gjengangarar og ypperlig detektivarbeid er ingrediensane i heksebrygget Sort messe. Kriminalhørespelet er eit av tidenes mest populære.



Blant meir tradisjonell og moderne krim, meiner han årets nominerte til Rivertonprisen er eit godt utgangspunkt.
Debutanten Gard Sveen med «Den siste pilegrim» vann årets prisen.

Dei andre kandidatane var Sidsel Dahlen med «21 dager», Roar Sørensens «Smertens aveny», Nikolaj Frobenius med «Mørke grener» og Jo Nesbøs «Politi» eller «Sønnen», som han er aktuell med i desse dagar.






 Dersom du har klikka på lenker i teksten ser du sikkert at bøkene er å finne på biblioteket både som  "papirbøker, e-bøker (epub) og i fulltekst på den digitale bokhylla. Tre av titlane under finn du og som film (DVD).
Cormac McCarthys «Ikke et land for gamle menn» er krim på nobelprisnivå, «Rosens navn» av Umberto Eco, «Hendelserved vann» av Kerstin Ekman  og «Frøken Smillasfornemmelse for snø»  av Peter Høeg.
Caryl Fèrey med «Mapuche», Dolores Meira med «Den usynlige vokteren» og Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling) med «Når gjøken galer». Denne boka er tidlegare tipsa på denne bloggen  av biblioteksjefen i Fyresdal.
I desse dagar er han klar med ei ny bok med Bjørn Beltø: «Den 13. disippel», som er ein teologisk thriller.


Forfattaren og journalisten Tom Egeland er fødd i Oslo i 1959. Han har yrkeserfaring frå vekebladet Vi Menn, Aftenposten og som nyhendesjef i TV2 i perioden 2000–2006. I åra etterpå har Egeland jobba som forfattar på heiltid.






 
Kviteseid folkebibliotek
Anne Brit Borgen









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar