torsdag 3. april 2014

PÅSKEGRILL PÅ BIBLIOTEKET I ÅMOT









Vinje frivilligsentral har flytt inn på naborommet til biblioteket, og leiaren der er - heldig for oss- ein god kokk.  

TYSDAG 15. APRIL KL 15.00 OG UTOVER ETTERMIDDAGEN
står Inger Rønningen klar med grillen for å servere oss god'bitar.

Alle som har lyst er hjarteleg velkomen!  Kanskje finn du deg også ein god krim til påske? Eg vil likevel anbefale deg å koma nå snart om du skal sikre deg dei beste og nyast krimbøkene.  Dei står klare til å lånast her i Åmot og sikkert hjå alle dei andre biblioteka i Vest-Telemark også.

 Sjølv om det endå er nokre dagar att vil vi ynskje dykk alle ei triveleg, spennande, avslappande og god påske!



Helsing oss i Vinje folkebibliotek

Bjørg Irene Abrahamsen, Vinje folkebibliotek




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar