mandag 7. april 2014

Krimgåte av Jørn Lier Horst, nå på nynorsk

Eksklusivt i Vest-Telemark


I år feirar Vest-Telemarkbiblioteka  "Verdens Bokdag" som i år er rett over påske (onsdag 23.april), med ei krimgåte med påfylgjande konkurranse i Vest-Telemark Blad. Delta i konkurransen og vinn bokpremie!


I den stille veka av Jørn Lier Horst.         


Med løyve frå forfattaren har Knut Espelid, på "oppdrag" av Vest-Telemarkbiblioteka, omsett og omarbeid krimgåta "I den stille veka" til nynorsk. Slik får alle i Vest-Telemark noko å bryne seg på, det er nemleg du som skal avsløre mordaren!

Påskekrimmen blir publisert i Vest-Telemark blad 15. april, men du kan også hente gåta på ditt lokale biblioteka etter påske og fram til svarfristen 25. april.


Slik kan du vinne bokpremiar: Skriv løysinga på gåta, korleis du kom fram til svaret, ditt eige namn og telefonnummer på ein lapp og lever på næraste bibliotek, eller bruk e-post: biblioteket@eksempel.kommune.no.


  Løysing og vinnarar blir annonsert i VTB.



Vest-Telemarkbiblioteka ynskjer god påske!











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar