søndag 23. mars 2014

Bok og kopp




Robert Galbraith har nyleg gjeve ut si fyrste bok - Når gjøken galer.
På omslaget står det også at dette er ein ny krimserie av J.K. Rowling.

Jaha, så J.K. Rowling valte eigentleg å bruke pseudonym då ho skulle gje ut ei by bok.
Kanskje var det fordi ingen eg har snakka med orka å lese ferdig den forrige boka hennar, Den tomme stolen.
Den tomme stolen er ei usannsynleg snirklete, lite engasjerande og kjedeleg bok. Eg stoppa før eg var halvvegs. (Las slutten då, for å se korleis det gjekk med den triste jenta med få sjanser i livet. Det gjekk forresten som det måtte, dårleg)

I Når gjøken galer møter vi  antihelten og privaterforskaren Cormoran Strike.
Han er pengelens og det ene beinet blei skote vekk i Afghanistan. Diger og uskjønn er han også, men la deg ikkje lure, han er systematisk og skarp.
Saman med den velstelte, særs skikkelege og like lynskarpe sekretæren Robin, løyser han gåta rundt det tilsynelatande sjølvmordet til supermodellen Lula.

Det er mange ord og detaljar i denne boka også, men her synes eg J.K. Rowling får det til å fungere. London kjem fram gjennom sidene med gater, lukter, lyder og miljø. Persongalleriet er samansett, kanskje litt karikert, men pytt, pytt, personane lever. I alle fall til dei døyr. Det er ikkje bare eitt drap her, men dette er likevel krimboka for dei som ikkje toler så mykje spenning. Til tross for lukta av hjernemasse og opplysningar  som at kroppen flyt raskare til overflata om den drepte nyleg har spist eit stort måltid på McDonalds, klarer J.K. Rowling å skrive så forsiktig og fint at du knapt nok løfter på augnebryna.

Rett og slett ei triveleg og underhaldande bok for dei som liker gamaldags og saktegåande engelsk krim.

I stil med Miss Marple drikk dei te reint uavlateleg.
Eg fann difor fram ein skikkeleg engelsk tekopp til boka - Blue Italian frå Spode .
Rett nok er eg heilt sikker på at Cormoran ikkje drikk av slike kopper, men Robin gjer det nok. I alle fall hos bestemora si. Eller hos meg, om ho kjem på besøk.

Eg gler meg til å møte Cormoran og Robin att!

God bok  - Liv i Fyresdal


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar