tirsdag 11. mars 2014

Alf Prøysen 100 år!


Prøysenår i år!

- Husmannsgut frå Ringsaker på Hedmark var han. Griskokken som vann heile Noreg med gitar og skarpe viser om standsforskjell og urett i samfunnet. Men ikkje berre det, hjartevarme viser som Blåklokkevikua, Lille måltrost og En skulle vøri fire år i romjuln.

Alf Prøysen har eit stor, stort repertoir å ause av sjølv om han døydde berre 56 år gamal. Han har hatt stor betydning for generasjonar av nordmenn, og vi feirar han gjerne. Denne våren er det Ellen Nordstoga og Oddbjørn Aase som vitjar institusjonar i Vest-Telemark.


  • Ellen Bojer Nordstoga er fødd i 1941 i Rauland, oppvaksen på Hedmark og busett i Vinje i Telemark. Ho er kvedar, dansar, pedagog, kulturformidlar og arrangør. Ho var distriktsmusikar i Telemark i ei årrekke. 

  • Musikar Oddbjørn Aase, frå Flatdal i Seljord er en altmuligmann innafor musikk. Han arbeider som musikant, pedagog, arrangør/komponist mm.  

"Denne mannen skal me vere med å feire i år, og me er heldige som fær eit nytt høve til å berre  boltre oss i kjende og mindre kjende viser, stubbar og soger".





Forestillinga er produsert av Telemark fylkeskommune.
Seinare kjem Geir Lystrup med eit program. 


Etter kvart vil biblioteka  feire Prøysen på andre måtar.  Dette vil bli annonsert  på Facebook og med oppslag på ditt næraste bibliotek.

Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar