mandag 17. februar 2014

Reinen i Brattefjell Vindeggen – eit historisk tilbakeblikk

Det er tema for foredraget med Kjell Bitustøyl på Seljord frivilligsentral måndag 24. februar kl. 19.00.  Villreinen som i dag utgjer reinstamma i landskapsvernområdet Brattefjell Vindeggen har si heilt spesielle historie. Mange vil kjenne til at dagens rein har vandra inn frå Hardangervidda så seint som på 1960- og 70-talet. Men her finst òg fragment frå tidlegare tider, området har truleg aldri vore heilt tomt for rein hevdar somme. Kjell Bitustøyl har grave i historia og vil òg kople Brattefjell Vindeggen litt til historia om landets største villreinområde – Hardangervidda.  Foredraget blir illustrert med foto.

 


Det er bibliotek og Seljord turlag som står for arrangementet, og ein time før foredraget, altså kl. 18.00, har turlaget  årsmøte same stad.  Alle er hjarteleg velkomne! Inngang kr. 50,-.

Britt i Seljord

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar