onsdag 5. februar 2014

Praktikant på Tokke bibliotek

 

Rannei Eidsvik Normann, praktikant frå Bibliotek- og informasjonsstudiene ved Høgskolen i Oslo.

Sidan jol og fram til 05.02 har vi hatt praktikant ved Tokke bibliotek. Rannei har dela sin praksisperiode mellom Tokke og Vinje folkebibliotek. Vi har hatt god nytte av henne i skranken der ho har gitt service til lånarane på ein framifrå måte, sjølv om det til tider hagla av spørsmål frå ivrige skuleelevar som skulle ha hjelp.  Ho har elles delteke i dei fleste oppgåver eit bibliotek står overfor, noko som skulle gi ho god innsikt når ho nå reiser tilbake til studiene sine.
Rannei laga fine bokmerke med bilete og litterære smakebitar på baksida. Dei vil bli masseprodusert slik at lånarane kan ha glede av dei.

                                                                        
 
Bodil Otterholt, Tokke bibliotek
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar