onsdag 15. januar 2014

Morsmålsdagen 2014



21. februar vert Morsmålsdagen markert i mange land!

Kviteseid er eit  Bok til alle-bibliotek og vil gjerne vere med  på markeringa!



Leser søker bok, Nasjonalt senter for flerspråklig opplæring og Det flerspåklige biblioteket har gått saman for å lage ei stor felles, nasjonal markering, med debattar, konsertar, foredrag og andre arrangement i heile veke 8.

 

Det skal ikkje Kviteseid folkebibliotek!

Vi vil bare nytte høvet til å minne om det fleirspråkelege biblioteket (deichman.no)
Dei skaffar lydinnspelingar på fleire språk, bokdepoter på fleire språk, litteratur med parallespråkleg innhald og anna ressursmateriale. Ta kontakt med oss eller ditt lokale bibliotek dersom du ynskjer meir informasjon om tilbodet.



Kviteseid folkebibliotek har lånt inn fleirspråkleg materiale i høve Morsmålsdagen. Dette kan du sjå på biblioteket,  og vi tar gjerne ein prat med deg om dine behov.


Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar