tirsdag 3. desember 2013

Vil du låne e-bøker?



 

Fellesportal for biblioteka i Kragerø, Kviteseid, Siljan, Rjukan
og Telemarksbiblioteket.

 


Endeleg er E-boka tilgjengeleg for deg.


Med nasjonalt lånekort kan du låne E-bøker på Kviteseid folkebibliotek via nettet 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka, heilt gratis! Biblioteket er det einaste i Vest-Telemark med dette tilbodet.
E-bokportalen er blitt gjort mogeleg med ”BS Weblån” – den digitale virtuelle utlånsordninga til Biblioteksentralen – som gjer digitale media til ein naturleg del av tilbodet. Det er gjort avtaler med dei fleste norske forlaga, så som Aschehoug, Gyldendal, Oktober, Tiden, Vigmostad og Bjørke, Cappelen-Damm, Bazar, og Samlaget. 
Du kan låne inntil 4 titlar samstundes, og når låneperioden på 14 dagar er over vert bøkene automatisk innlevert dersom lånet ikkje blir fornya.
Frå januar 2014 reknar vi òg med å kunne tilby lydbøker. 

 

I Telemark er det førebels berre Telemarksbiblioteket og biblioteka i Kragerø, Kviteseid, Siljan og Tinn som er med i ordninga.


Per Espeland (Rjukan bibliotek) Mari-Helga Helgetveit og fylkesbiblioteksjef Tove Fjerdingstad (Telemarksbiblioteket) og Anne Brit Borgen (Kviteseid folkebibliotek).

Dette har vi venta på lenge! Det har ikkje stått på ynskje om, eller vilje til, å få til tilbodet seier Anne Brit Borgen, bibliotekssjef i Kviteseid. "Økonomiske interesser både hos, forlag, forfattarar,  leverandørar og avtaler knytt til desse problemstillingane, har tatt tid". Les om prosessen.

Søk etter ebok eller epub

Tilbodet blir presentert gjennom den vanlege katalogen for fysiske media i vår KATALOG

vest-telemarkbiblioteka.no

Systemet er sett opp slik at det er bare dei lånarane som er knytt opp mot dei nemnde biblioteka som vil få tilgang til å låne e-bøker/media. Lånarane må registrere seg med nasjonalt lånekort og PIN-kode.



Slik går du fram:

 
Du finn heile samlinga av både fysiske og digitale media på same søkesida.

Skriv t.d. epub eller ebok  i fritekstsøket, så får du opp titlane i katalogen


Når du ynskjer å låne ei e-bok, (eller med tida t.d. ei e-lydbok), så kan du  klikke på tittelen du vel i katalogen, og du blir sendt derfrå over i utlånssystemet BS Weblån.
Du vil sjå tittelen, informasjon om den er utlånt, og om når tid den eventuelt er tilgjengeleg.  
Du vil og finne informasjon om korleis du lastar ned e-boka.

Ved nedlasting fylgjer det med ein DRM som gjer at fila vert destruert etter så mange dagar som biblioteket har bestemt at lånetida skal vere. Vi har  sett 14 dagar. Då er e-boka/mediet tilgjengeleg for neste lånar, eller du kan låne på nytt om du ikkje blei ferdig med boka. 

Lånaren kan kopiere e-boka i inntil 6 eksemplar slik at dei kan lesast på (eller lyttast til)  pc, nettbrett, telefon eller iPad.

Troms var før oss med å ta i bruk BS weblån. Dei har utarbeidd ei HJELPESIDE som kan vere nyttig for deg. Her finn du:


Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

 

1 kommentar:

  1. Bra jobba Anne Brit! Høyrde deg på Telemarksendinga i går. Nå må me andre sinkene hive oss rundt :-)

    SvarSlett