tirsdag 12. november 2013

Bygdediktaren Olav Flatastøyl - liv og dikting i ord og tonar.



Bokomslag til Olav Flatastøyl: Dikt og liv,
teikning av Oddmund Rønningsbakken.


 
Det har Jon Storlid og Vesla Landsverk kalla programmet dei framfører på biblioteket i Seljord torsdag 14. november kl. 19.00.

Olav Flatastøyl (1906-1995) budde på husmannsplassen Flatastaul i Rauland i all si tid. Og omtrent i all si tid skreiv han, heilt frå 15-årsalderen. Han skreiv dikt mot urett og undertrykking, og om naturens store skaparkraft. Men han kalla seg slett ikkje diktar, nei versesmed var ordet han bruka. Raulendingen Birgit (Vesla) Landsverk har tonesett ein del av dikta til Flatastøyl og vil framføre desse. Det blir også diktlesing og kåseri om diktaren ved seljordingen Jon Storlid.

Arrangementet er ein del av markeringa av Språkåret 2013, og både mållaget og Den kulturelle spaserstokken er støttespelarar.         


Britt i Seljord

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar