lørdag 19. oktober 2013

Slektforskardagen 2013



Laurdag 26.oktober er den nasjonale slektforskardagen. 


Kviteseid folkebibliotek og Kviteseid historielag markerar Slektforskardagen med ”Drop in” på biblioteket.

laurdag 26.oktober kl. 11.00-14.00.

Er du interessert i Ættesoga på nett, men ikkje har kome heilt i gong enno kan du få råd og rettleiing frå erfarne brukarar denne dagen. Dersom slekta di alt er i Ættesoga, kan du få hjelp til å rette feil, eller legge inn nye familiemedlemmer.






 

Det kan vera aktuelt å drøfte problemstillingar både knytt til tekst og bilete. Andre ættegranskarspørsmål kan og bli diskutert.

Geir Håkon Eikland kjem, han har det faglege ansvaret for nettversjonen og kan det meste. Erling Brauti, Johannes Skarprud, Hans Christian Aabø, Olaf Kjell Lie og Anne Brit Borgen kjem og.
Alle har felles  interesse for å utvikle Ættesoga, men har ulike erfaringar kva gjeld kjelder, foto og skanning, tips og triks for registrering av data mm. 




Meir opplysningar i  Kviteseid kommune sin kulturkalender.
Velkommen til hyggeleg og nyttig samrøe.
Enkel servering.


Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar