onsdag 30. oktober 2013

Mobilwebben er her!


Vi er stolte av å kunne presentere MobilWeb for biblioteka i Kviteseid og Vinje!

Med Mikromarc3 Mobilweb kan du: søke, browse "siste nytt", bestille, legge i hugseliste, sjekke lån og forfallsdatoar, finne opningstider, epostadresse, telefonnummer, sjekke og slette reserveringar, endre persondata, fornye lån, sende epost og SMS.

MM3 Mobilweb kan brukast på alle smarttelefonar, uavhengig av operativsystem.



Her kan du gå rett inn på Kviteseid sin Mobilweb

Her kan du gå rett inn på Vinje sin Mobilweb

Legg gjerne inn MobilWeb som snarveg til "heimskjermen" på mobilen din:

ANDROID:
1. Hent fram nettsida til Mobilweb i nettlesaren din
2. Lag eit bokmerke
3. Gå til bokmerkehandsaminga
4. Trykk lenge på bokmerket du vil lage snarveg til på heimeskjermen, til ein meny dukkar opp
5. Vel lag snarvei til skrivebordet

iPHONE:

1. Hent fram nettsida til Mobilweb i nettlesaren din
2. Trykk den vesle høgrepila nederst til midten i nettlesaren
3. Vel legg til på hjem-skjerm

Velkomen som MobilWeb-kunde.



Anne Brit og Bjørg Irene
Kviteseid og Vinje folkebibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar