fredag 11. oktober 2013

Me har jammen vore heldige som har fått lese så mange nye bøker!

Eigaren av dette sitatet er ein gut i 6. klasse ved Edland skule, og bakgrunnen for ein slik vidunderleg kommentar (i alle fall for ein bibliotekars øyro), er ein leselystaksjon dei har jobba med på skulen.  I løpet av fire veker las elevane i 5.-7. klasse til saman  11.646 sider, det vil seie 401 sider per elev, noko som var mykje meir enn elevane sjølve gjetta på.  

Prosjektet blei avslutta med ein bokkafé dei fire siste timane onsdag 2. oktober.

Programmet for bokkafeen:

Bokmeldingar
Alle presenterte ei bok dei hadde lese , på ulike måtar. Det kom òg opp ei plakat med bilete av bøkene ei av klassene hadde lese. Nokre av 7. klassingane hadde bokprat, dei la fram skikkeleg mykje stoff om boka, las litt ifrå boka, snakka om illustratøren og hadde med seg eksempel på liknande bøker om du lika denne. Alle var veldig flinke!

Høgtlesing
Tre av lærarane hadde høgtlesing på tre forskjellige rom; krim, grøss og fantasy. Grøss-rommet var eit rom utan vindauga, dekorert med spøkelser og ”blodige” uhyre. 
Elevane var dela i grupper, alle kom innom alle rom. Dette syntes dei var veldig moro.

Premiering og mat
Det hadde vore eit par konkurransar; ein der elevane skulle gjette kor mange sider dei hadde lese tilsaman i denne perioden, og ein om kva aksjonsperioden skulle heite.  Så var det pizzasnurrar og premieutdeling, tilbakemelding og oppsummering. Alle, både elevar og lærarar var veldig fornøgde.
 
Elevane sin konklusjon: Lesing er moro!


Bjørg Krossbakken og Bjørg Irene Abrahamsen, Vinje folkebibliotek.




* 



1 kommentar:

  1. Så bra opplegg! Flott inspirasjon for andre :-)

    SvarSlett