mandag 14. oktober 2013

Bokbeiter med Stein Versto

Lesestunder med Stein.


Måndag 21. oktober startar Stein Versto på ein bokprat-runde til barnehagar og bibliotek i Vest-Telemark. Stein vil lese og fortelje, og det er gode, nynorske biletbøker som står på programmet. Konkret kva innhald bokbeitene får veit ikkje vi, men kanskje ungane blir kjent med Unni og Gunni, Bø og Bæ eller Jakob og Neikob?

 

Bokbeitene er eit av fleire tiltak som Vest-Telemarkbiblioteka steller til i Språkåret 2013. 


Og om ikkje lenge er det Hæge Manheim og Oddbjørn Aase som skal ut på tur med "Syng med kånn". 




Ungane i Vest-Telemark har mykje å gle seg til i haust! 
Til arrangement i Språkåret har Vest-Telemarkbiblioteka fått tilskot frå Norsk kulturråd, Språkåret, Telemark fylkeskommune v/musikkprodusentane, Seljord sparebank, Sparebanken Sør og Samlaget.


Britt og Anne Brit
Seljord og Kviteseid bibliotek.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar