tirsdag 1. oktober 2013

Balladesongarar frå Telemark i ord og tonar



Vil du meg lyde

Olav Solberg og Ragnhild Furholt kjem til Kviteseid og Seljord i veke 42. Dei vil presentere boka om balladesongarane i Telemark. Den kjende folkemusikkutøvaren, Ragnhild Furholt, syng og Olav Solberg vil presentere materiale og bilete frå boka.

Kviteseid:
Skarprud i Tveitgrend måndag 14.10 kl.18.00. Enkelt servering. Velkommen.

Seljord:
Nutheim i Flatdal onsdag 16.10 kl.19.00


 
Olav Solberg.  Foto:NRK Østafjells.
Bokprosjektet er eit svensk-norsk samarbeid som var starta på 70- talet av den svenske professoren og balladeforskaren Bengt R. Jonsson. Han rakk ikkje å gjera boka ferdig før han døde, men han bad sin venn og kollega Olav Solberg ved Høgskulen i Bø om å sluttføre prosjektet.

Tre år har Olav Solberg bruka på å gjere ferdig denne mursteinen av ei bok som er på nesten 700 sider.





 
Biletet viser Liv Nirisdotter Bratterud (1826-1892) frå Bø saman med balladesamlar
Moltke Moe, fotografert av Halvor H. Skogen ein gong i slutten av 1870-åra.


Konservator Rikard Berge i samtale
 med informant Margit Tveiten i Grungedal.
Bak sit kona Johanna Bugge Berge.

Dei store samlarane støvsuga bygdene for munnleg kjeldemateriale, men var i liten grad interesserte i livshistoria til sangarane. Samlarane ville fyrst og fremst berge kulturskatten. Men no har altså sangarane fått sitt verk og sine historiar nedskrivne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar