mandag 9. september 2013

Sommarens lesekampanje i Tokke

Sommarens lesekampanje vart avvikla ved trekning 3. september på Tokke bibliotek. Mange ivrige elevar hadde lest og levert lesekort med 5 bøker dei hadde lese. Populært var det og å få armband for kvart leverte lesekort. Sidan den som hadde lese flest bøker gjekk i 3. klasse, vart denne klassa invitert til å foreta trekninga av 2. premie og 3 trøystepremiar. 1. og 2. premie var gåvekort på Sport 1, mens trøystepremiane var Doktor Proktor nisteboksar.



Stor spenning og interesse for trekninga.



Den heldige vinnar av lesekampanjen hadde lest 70 bøker i sommar!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar