mandag 30. september 2013

Bokskrepper



BOKSKREPPER PÅ VANDRING

Bodil Otterholt (Tokke), Britt Haugland (Seljord). Liv B.Kiland (Fyresdal), Anne Tveit (Nissedal), Anne Brit Borgen (Kviteseid) og Bjørg Irene Abrahamsen (Vinje).

Nynorsk-tiltak i Språkåret frå Vest-Telemarkbiblioteka + Hjartdal folkebibliotek


Hurra - Vest-Telemarkbiblioteka fekk midlar frå Kulturrådet, Seljord sparebank og Sparebanken sør til tiltak i språkåret 2013.

For oss tyder det eit løft for nynorske bøker og nynorsk språk seier biblioteksjefane. Det er ikkje sjølvsagt at ungane vel nynorsk i skulen lenger, og det er mange tilflyttarar i grendene med andre tungemål. Her, og elles også samarbeider vi med dei lokale mållaga og andre aktuelle aktørar. 

Ut over hausten vil vi tilby barnehagane både nynorske songstunder – ”Syng med kånn” med Hæge Manheim og Oddbjørn Aase og ”Bokbeite” lesetund med forfattaren Stein Versto. Det gler vi oss også til.

Overraskingsskreppe


Det synlege resultatet er dei  fem bokskreppene som kvart bibliotek no har for utlån. Dei er faktisk utlånte fleire stader, men kan sjølvsagt reserverast.

Boktitlane er ukjende for lånaren, men dei har innhald etter emna: Mest for dei minste, Magisk og mystisk, Morosamt?, Eg og andre, klok med bok.
Med utvalet av bøker fylgjer til dømes ei  "høveleg"  handdokke, kosedyr, mappe med fargeleggingsark, puslespel m.v.  Samlaget har vore rause med rabatt på bøker og med Bø og Bæ-dokker til koffertane.


Lån eller reserver no!


Vend deg til ditt lokale bibliotek om du vil låne bokskreppe. 

Bokskreppene lånast ut frå biblioteka til enkeltpersonar eller skular, helsestasjonar og barnehagar.

3 kommentarer:

  1. Vinje er ikkje heilt i hamn endå, men skreppene skal vera klare til utlån om få dagar :-)

    SvarSlett
  2. Dette var ein god ide, me vil prøva å få til noko liknande på Voss

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi er glade for å vere til inspirasjon!
      Britt i Seljord

      Slett