mandag 26. august 2013

Tommelen opp for sommarlesing!

Her er det tommelen opp for både teikning og lesing!

 















Det er mange som har henta lesekort på biblioteka
i Telemark denne sommaren.
Sommarlesing har rett og slett vore ein suksess!

Og - nå må alle hugse på å levere
ferdig utfylte lesekort.
31. august er siste frist
for dei som vil vere med
på trekking av lesepremiar.

Kom med kortet til biblioteket,
og lån gjerne med deg nye bøker.
Hausten er også ei god lesetid
og det kjem stadig noko nytt på biblioteket.

*************

Serien Løveunge - Jeg vil lese!
er ein rett god serie for dei som akkurat har
starta å lese.
Her er det store bokstavar,
berre ei setning på kvar side
og det er mange flotte teikningar.











Velkomen til biblioteket!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar