onsdag 28. august 2013

FORFATTAR, LÆRAR, BIBLIOTEKARBEIDAR OG LITTERATURFORMIDLAR PÅ BESØK I VINJESKULEN


I samband med litteraturdagane i Vinje til helga har vi hatt besøk av Linn T. Sunne denne veka.  Ho har kome heilt frå Dokka for å inspirere og tipse både barn, unge og vaksne i jungelen av nye bøker.  Vinje er ein stor kommune og ho har vore her i tre heile dagar med 3 foredrag pr dag.  Alle elevar frå 6. til 9. klasse har fått tips og forhåpentlegvis inspirasjon til å kaste seg over nye bøker. 

Sunne snakka om bøker med ulikt innhald: humor, spenning, litt å tenkte på, sport og fakta var hovudtema.  Ho har god oversikt over ny barne- og ungdomslitteratur, og  ho snakka sjølvsagt også litt om sine eigne bøker og om korleis det er å vera forfattar.  Elevane var lydhøre og mange spurde etter bøkene etterpå.  Ho er behageleg å høyre på, med si rolege og dempa framføring, la det seg ei god ro over forsamlinga samtidig som ho hadde elevane si merksemd.



Ho presiserte for oss vaksne at det var viktig å lage ein lesekultur rundt barna.  La det ligge bøker framme både heime og på skulen.  Snakk om bøkene saman.  Les høgt for dei.  Bruk ofte tid på å lesa saman.  Ho fortel at når elevane skal ha lesetid på skulen, tar ho med seg si eiga bok (som er vaksenbok) og ofte fortel ho litt frå kva den handlar om.  Ho meiner det er viktig at vi forsyner barn og unge med NYE bøker fordi det er viktig at dei kan identifisere seg med miljøet og personane i litteraturen. 

Eit lite  utval bøker eg merkte meg som eg ikkje kjende noko særleg til:


Hyperpubertet  av Vera Mikaelsen, visstnok ei humoristisk bok om kropp, pubertet og vennskap.  Camilla Larsen er 13 år og ikkje i nærleiken av noko som liknar pubertet: flat som ei pannekake og ingen andre teikn på utvikling.  På ein skuletur svimar ho av etter eit slags lynglimt og blir sendt til sjukehus med helikopter.  Legane finn ingenting gale med ho, men plutseleg kjem alle pubertetsfasane på ein gong!

Charliblogg av Eldrid Johansen:




Det blir pinlig uansett  av Tyra T. Tronstad


Ripley’s believe it or not!: slående sant



Eg fekk også denne gonga stadfesta at verda er lita: bestemor til Sunne var ein periode biblioteksjef i Kviteseid! :-)

Vinje folkebibliotek, Bjørg Irene Abrahamsen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar