onsdag 21. august 2013

Doktor Proktor-feber?

Kanskje det blir Doktor Proktor-feber i Vest-Telemark i haust?  Alt ligg i alle fall til rette for at folk i distriktet skal bli betre kjent med doktoren sjølv, Bulle, Lise og ikkje minst alle D.D.S.Ø.I.F (= Dyr du skulle ønske ikke fantes)
For det fyrste:  Vest-Telemark museum syner utstillinga med D.D.S.Ø.I.F, og alle 5. og 6. klassane blir oppfordra til å lese Doktor Proktorbøker og deretter ta seg ein tur på utstilling. 


For det andre:  Vest-Telemarkbiblioteka lagar bokutstillingar av bøker og lydbøker.
I Seljord har vi rigga til det vi har av Doktor Proktor-bøker og -effekter, inkludert prompepulver. Det er bøker på norsk og engelsk,  forfattar-hefte om Jo Nesbø, og ikkje minst boka Doktor Proktors sensasjonelle samling av D.D.S.Ø.I.F : dyr du skulle ønske ikke fantes.  I tillegg kan du prøve deg på fleip eller fakta-arket vårt med spørsmål frå bøkene.  Men OBS: Sidan vi stort sett har eitt ekemplar av kvar bok er det fyrstemann til mølla som gjeld! 


Og for det tredje: Riksteateret kjem til Granvin 14. november med framsyninga Doktor Proktors prompepulver
 
 
Alle Doktor Proktor-vener kan sjå fram til ein morosam haust!
 
Britt i Seljord





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar