fredag 12. juli 2013

Jenter med kraft og mot.



Det er mange sterke jenter i verda, det er mange sterke jenter i bøkene, og i biletbøkene er det jenter som kan og vil.

Sverige har hatt si Pippi langstrømpe frå 1945, og hennar ord ”Det har jeg aldri gjort før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare", har vore nytta av mange.
Arven etter Pippi Langstrømpe er teken opp av fleire biletbokforfattarar i Sverige. Ein av dei eg set mest pris på er Per Gustavsson, og bøkene han skriv om prinsessa som taklar alt frå rosa kjolar til drakar og kjellartroll.
Per Gustavsson  er født i 1962, busett i Stockholm og han er utdanna biletkunstnar.
Utdanning kan vere ein god ting, og i bøkene om prinsessa fungerer illustrasjonane like godt som teksten, og saman med ei historie som både er morosam og spanande, blir desse bøken egjerne fyrsteval på lesestundene på biblioteket i Fyresdal.


Prinsessa gjer alt prinsesser skal. Søv i rosa seng, på mange madrassar, et prinsessekake, greier håret 100 gonger, døyper båtar og opnar bruer. I tillegg spelar ho ishochey og vinn, vitjar landsbyar og jagar vekk røvarar. Ho er ei fornuftig og løysingsorientert jente, og blir ho svolten midt i redningsaksjonen, steiker ho seg pølse på drakeelden. Etter å ha jaga vekk draken, reddar ho den siste prinsen og giftar seg med han.

Etterpå legg ho seg – aleine.
Akkurat her er det dei vaksne lyttarane trekk på smilebandet. Bøker for vaksne og ungar, med andre ord.




Svenske Petter Lidbeck og Lisen Adbåge går enno lenger med boka ”Kan jeg…?”
Her er det ei lita jente som undrar over alt ho kan eller ikkje kan. Som å krølle håret med ein drill, pille nase med ein skarp kniv, mate ein hai, eller symje med pirajaer. Alt gjeng heil gale, og illustrasjonane er heilt herleg rå. Her blir det mange rop og grøss når boka opnar seg. Ikkje ei bok for dei aller minste, men til stor moro for dei frå 5 år. Jenter kan mykje, men det er ikkje alt ein bør prøve på!



 Den siste biletboka vi har lese på biblioteket i Fyresdal er ”Mathilde kjører bil” av norske Einar Andreas Lund og Erik Ødegård. 


Mathilde og mamma er på veg til bestefar, og mamma køyrer så sakte. Dessutan er lydboka om Karius og Baktus så kjedeleg. Ho har høyrt ho før! Mathilde sukkar, brøler og bråkar, heilt til mamma stoppar og let Mathilde køyre. Klart Mathilde kan køyre! Ho køyrer så fort at dei flyg opp i lufta, møter eit fly og sneier innom ei pipe.

Det er fleire bøker om Mathilde.
Sjå og høyr ei anna bok om Mathilde her. Mathilde og busene.
Verda er til for å bli erobra av sterke jenter som kan og vil!


Liv Blørstad Kiland
Fyresdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar