tirsdag 4. juni 2013

Sterk kvinne - modig prestedotter.




Foto: Merete Brasberg Aae


Ho folkeminne samla inn og oss det gav.  Som takk er denne steinen reist på hennar grav.

Du har sikkert allereie gjetta kven denne inskripsjonen siktar til: Prestedottera, folkeminnesamlaren, birøktaren, fruktbonden, songlagsleiaren og læraren Olea Crøger.  Denne sterke kvinna med alle sine talent og idéar var ei modig, utradisjonell og frigjort kvinne som torde å bryte med konvensjonane i si tid, men det er sjølvsagt det store bidraget til innsamlinga av folkeviser, eventyr og segner ho blir heidra for.


Olea Crøger kom frå ei rik og mektig slekt og voks opp på prestegarden i Heddal som truleg har vore ei livsnerve i bygda, med  mykje besøk av embetsmenn og fintfolk , men Olea hadde også mykje kontakt med bondekulturen.  Der var mange arbeidarar på garden og truleg høyrde Olea visene, segnene og eventyra allereie som lita jente.
Kva gjorde ho så ukonvensjonell og spesiell? Kvalifiserer det å samle inn folkeminne til slik ein heider i ettertid?  Ja så absolutt. Olea Crøger blei født i 1801 og vi veit at kvinner sin status og rolle var heilt annleis på den tida.  For eksempel var kvinna umyndig heile livet, og måtte ha far, ektemake eller ein annan mann som verge. Ho skulle sørge for å bli gift av sin stand eller aller helst litt oppover og elles drive med kvinnelege syslar.  Ugifte kvinner hadde låg status.  Rikard Berge har skildra ho slik:
...Ho var ikkje langt frå bilete av ei borgjomfru, storbygd og staut, fraudig i hold og hug, reint sydlandsk med sitt myrke dæme, sine brune, strålande augo og sin heite, djerve hug.  Ho elska alt som var naturleg og folkeleg, og var med all si praktiske sans ikkje lite av ein drøymar.  Derfor vanvyrde ho alt besteborgarleg.  Men just at ho blanda seg bland almugen og levde eit friluftsliv vart ho halden reint for karmannsleg, til den tid å vera,...
Ho var forut for si tid, og skjøna kor viktig det var at folkekulturen måtte takast vare på, men det var ikkje lett sidan ho måtte ha ein mann som kunne gje ut det insamla materialet for ho.  I tillegg skal denne innsamlinga av folkekulturen ha bli sett på som svært lite passande for ei kvinne. Ho henvende seg til fleire, blant anna Jørgen Moe, som ikkje trudde på at samlinga var ekte tradisjonsstoff, og derfor lot visene og balladane ligge ubruka.  Ho fekk dei aldri tilbake til tross for at ho skal ha bede om det fleire gonger.  Likevel fortsette ho, og fekk etter kvart gode samarbeidspartnarar i blant anna Ludvig M. Lindemann og Magnus Brostrup Landstad. Resultatet med sistnemde blei Norske folkeviser som kom ut i 1853, og som blir rekna for å vera den mest verdifulle visesamlinga i landet nokon gong. 
            Olea må ha vore ei eintelligent og dyktig kvinne med stor kapasitet for ho hadde mange jern i ilden.  Truleg var ho Norges fyrste kvinnelege læarar på ein lærarskule.  Denne låg i Kviteseid og ho byrja å undervise i song og musikk allereie på 1830 talet. Ho blei visstnok godt likt og respektert av elevane og litt seinare starta ho eit songlag i bygda.  
Garden Hegnin i Seljord

I tillegg til å reise rundt og samle og undervise, dreiv ho også gard saman med to av systrane sine: Kaja og Boline. Det var svært uvanleg at prestedøtre dreiv gard aleine, men det viste seg at dei var dyktige gardbrukarar og skal ha blitt premierte for både honning og eple.



  


Då Olea var ung jente, knytte ho sterke band til Johan Landstad som var omtrent jamgamal med ho.  Då dei møttest igjen i vaksen alder utvikla det seg eit kjærleiksforhold mellom dei , men dette enda tragisk då Johan døde etter ei ulykke på hesten.  Olea blei verande ugift og levde resten av livet på Hegnin saman med systrane sine og heldt fram med innsamlinga så lenge ho levde.

Ho hev vore pioneren, alle dei store samlarane hev teki hennar fotefor.  Landstad og Lindemann, Jørgen Moe og Sophus Bugge.  Lende hev legi opi for plogen etter hennar rudningsarbeid. (Heggrveit og Berge)


(kjelde: Visesamlaren Olea Crøger og tida ho levde i av Anne Haugen Wagn og Bertil Mogan Lindheim)

Bjørg Irene Abrahamsen, Vinje folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar