tirsdag 28. mai 2013

SOMMARLESING - Les deg til gåvekort på sportsbutikk!

Vi oppfordrar spesielt deg som går i 1.-10.klasse.

Slik gjer du:
  • lån bok og få lesekort på biblioteket
  •  les fem bøker, tre av dei kan vera lydbøker
  • fyll ut boktitlane på lesekortet
  •  lever lesekortet på biblioteket

Du kan levere så mange lesekort du vil.

Den som les flest bøker, vinn gåvekortpremie.
 

Alle som leverer lesekort får også eit fargerikt armband.




Vi håpar at de vil strøyme til biblioteka i sommar.

Dersom du bur i ein kommune som har sommarstengt, så må du hugse på at lånekortet ditt gjeld i alle Vest-Telemarkbiblioteka.
 

Helsing ditt bibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar