fredag 31. mai 2013

Scener frå kvinneliv

VILLE DET VERE SÅ FARLEG? - Aslaug Vaa og Marie Takvam. 

formidla av skodespelarane Hæge Manheim og Elisabeth Hagen Kvalem.

Premiere på Norsk skieventyr i Morgedal måndag 10. juni kl. (18)19.00-

Mrk. Arrangementet startar i Morgedal kl 18.00 med Sondre, eit lite foredrag med hovudvekt på kvinna bak, kona hans Rannei. Ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito, vil tale og dele ei overrasking med oss.

Det blir eit mellompel  som avsluttast med servering og "mingling" før forestillinga. Forestillinga er gratis, men på  grunn av begrensa plassar i auditoriet må desse billettane reserverast på tlf.35069080 eller ved e-post til: meb@vtm.no eller tg@vtm.no

Forestilliga vert  vist på Granvin kulturhus i Seljord torsdag kl.19.00 same veka. Sjå lysing i VTB.


Aslaug Vaa



Sentrallyrikk kallar  litteraturhistorikarane diktinga frå ca 1900-1940 som først og fremst tar for seg dei evige tema som kjærleik, død og natur. Lyrikken på denne tida er sterkt prega av mannen sitt blikk.

I denne perioden debuterte Aslaug Vaa (f.1889), som skreiv om erotikk og kjærleik og slik medverka til eit brot i mannsdominansen. Ho var 24 år det året då kvinner i Noreg fekk alminneleg stemmerett. I så og seie alt ho skreiv nytta ho telemålet. "Mjukt som blomen, hardt som stålet".


Ho debuterte ikkje før ho var 45 år gamal, men då var det ein fullmogen diktar som sto fram. Kropp og sjel og menneske og natur måtte vere i balanse, meinte ho. Leitinga etter eit eg går som ein raud tråd gjennom forfattarskapen.


Marie Takvam

Marie Takvam (f.1926) frå Ørsta på Sunnmøre debuterte med si første diktsamling i 1952, 25 år gamal, og gjekk rett inn i kampen om retten å vere menneske - og kvinne. Inspirasjonen til dikta sine skal ho ha funne i sitt eige liv gjennom blikk på livsløpet, med kjærleik, barndom og aldring.
 
 
Aslaug Vaa var fødd i Vinje og vaks opp i Kviteseid. Fyrste framsyning blir i Morgedal  i starten av den nasjonale jubileumsveka for kvinners stemmerett. Forestillinga blir vist på Granvin i Seljord seinare same veka.


To tydlege kvinnelege lyrikarar med dramatiske liv og sterke meiningar, mykje undring og søken. Men, det er over 30 år og meir enn 30 mil med fjell mellom fødslane deira. Dei har forskjellige uttrykk, men klåre tematiske fellestrekk.




Forestillinga:
Ville det vere så farleg?

                                      - fire kvinner i tid og rom.



 
Kva skjer i møtet mellom poetar og to formidlarar.To sunnmøringar, to telemarkingar – fire kvinner?


Skodespelarane tenkjer seg dikt over fjella, over tida, kvinneliv i den tida dei levde i, og korleis tekstane deira framleis talar til oss.

Her finn ein galgenhumor, sårbarheit, styrke og faenskap.

Vi finn jakta på kven ein er, og angsten for å komme nær.



Framsyninga blir produsert av Kviteseid folkebibliotek i samarbeid med skodespelarane Hæge Manheim og Elisabeth Hagen Kvalem.

Manusansvarleg: Elisabeth Hagen Kvalem. Regi: Bente Lavik.











Forestillinga er støtta av:
Fritt ord, Telemark fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere
og Kviteseid kommune. Produsert ved Kviteseid folkebibliotek.




Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar