onsdag 15. mai 2013

Film frå biblioteket



Her om dagen tok eg med meg nokre filmar frå biblioteket.
Slike nye, slike som eg meinte eg burde sjå.

Mor mi, som er 80 år, fekk auge på den øvste filmen i stabelen.
Det var den prisvinnande Amour laga av austerrikaren Michael Haneke .


Far min, også han 80, mor og eg sette oss ned.
Der satt vi. Heilt klistra.
Og etterkvart lamslegne av styrken i historia til dette vakre, kunnskapsrike og kjærleiksfylte gamle paret.
Ho får slag. Han vil stelle ho heime med alle sine ressursar og med all sin kjærleik og varme.
Vi fylgjer dei gjennom siste fasen i livet.
Ein vond og vanskeleg slutt på eit rikt liv.

Då filmen var ferdig, utbraut  far min at det var bra han var ein hardbarka mann. Elles ville han ha frykta ei natt fylt av mareritt.


Ein film verdt å sjå, og om du skulle ynskje å sjå slike filmer, eller lettare, ljosare, enklare filmer - eller for den del skumle filmar fylt av drap som bare gir deg litt spenning der og då, kan du ta turen til biblioteket.
Der finn du filmar av alle slag, og med vêrmeldingar som varslar regn, regn og atter regn, kan ein film vere hyggeleg avveksling......



Velkomen til biblioteket!




Liv B. Kiland - Fyresdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar