tirsdag 16. april 2013

STERKE KVINNER FØR OG NO



Verdas bokdag 2013

Verdas bokdag nemnast og som Verdas bok- og opphavsrettsdag. Det er ein internasjonal dag som set fokus på det frie ord og retten til å ytre seg.

  • 23 april kvart år
  • Spansk feiringsdag som blei til internasjonal dag i 1995
  • Blir feira i over 100 land.
  • Markerer boka si rolle i samfunnet

 I 1913 fekk kvinner i Norge stemmerett på like vilkår som menn. Då hadde kvinnerørsla kjempa for dette i over 30 år. 99 år var gått etter at Norge fekk ei grunnlov som slo fast at landet skulle styrast  av det norske folk.





Vest-telemarkbiblioteka har gjennom mange år markera Verdas bokdag med oppslag i Vest-Telemark Blad. Det vil vi og gjere 23.april 2013. Vårt tema vil bli sterke kvinner før og no.


På biblioteket møter vi sterke kvinner både i fiksjon og i det verkelege livet. Biblioteksjefane i Vest-Telemarkbiblioteka vil velje seg sterke kvinner og skrive om dei eller deira dikt, romanar eller verk. Innlegga vil bli posta her etter kvart.








Fylg med....



Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar