onsdag 24. april 2013

LEVANDE BOK I VINJE


Vi har eit prosjekt i Vinje i vår som har fått namnet “levande bok”.  Dette er eit prosjekt der dei ulike flyktningane/innvandrarane i kommune skal møte på biblioteket og fortelje si historie slik at det blir språktrening for dei og folkeopplysning for oss som høyrer på.  Dette er eit samarbeid med Vaksenopplæringa, Vinje folkebibliotek, Frivilligsentralen og Folkeakademiet i Vinje.  Elevane jobbar med foredraget i timane på vaksenopplæringa slik at dei er godt førebudde.  Det blir også bokprat ved Nina Svendsen der ho les og fortel frå ei aktuell bok.  

I tillegg til bibliotekbesøka skal elevane på vaksenopplæringa koma på ulike arrangement utover våren: teater, konsertar, stemmerettsjubileet osv. Nokre av flyktningane har sterke historiar med seg, men for nokre blir det for tøft å dele med andre, og dei står sjølvsagt heilt fritt til å velje kor mykje dei vil fortelje.


(“Levande bok” ikkje det same som “Levande lydbok” som er eit heilt anna prosjekt som går i Seljord og Kviteseid.)






måndag 29.april kl. 1900 på biblioteket.

Jasmin, Ashli og Salado, som går på vaksenopplæringa no, vil fortelje litt og synge mykje.

Nasir som var ferdig på vaksenopplæringa i fjor, vil fortelje litt frå sin historie.


Bjørg Irene Abrahamsen
Vinje folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar