tirsdag 23. april 2013

Fortellinger om henne

                                                                                                      
Sofie er overklassejenta som oppdager at hun ikke selv får velge hvem hun skal gifte seg med, Helga tar jobb som hushjelp for å bevise at hun duger til noe, Karna jobber på fabrikk og sliter for å forsørge seg og moren sin, Liten Ida får høre at mammaen hennes er «tyskertøs», Elsi er redd for å bli gravid, Åsta lager opprørsklubb mot forskjellsbehandling av gutter og jenter, Marte blir «viggo venneløs», Ida okkuperer hus og Zara har en hemmelig kjæreste og kroppen full av løgner.

Dette er eksempel på litterære kvinneliv i Noreg gjennom hundre år, og veit du kven det er snakk om her?  Presentasjonen over er henta frå nettstaden Fortellinger om henne, og kanskje du kjenner nokon av desse namna om du får vite at dei alle er hovudpersonar i ulike bøker skrive av kvinnelege, norske forfattarar  i tida frå midt på 1800-talet og fram til i dag? 
Nettstaden Fortellinger om henne er laga av KILDEN Informasjonssenter for kjønnsforskning og Foreningen !les.  Den presenterer karakterar frå utvalde skjønnlitterære verk med ein nyskriven, kort tekst.  Vi får vite meir om tida og samfunnet romanhandlinga går føre seg i, om sjølve det litterære verket og om forfattaren. I tillegg får vi bok/filmtips til vidare fordjuping, og ein oversikt over andre jente- og kvinneskildringar i bøker frå dei siste hundre åra.


 Om du ikkje kjenner Sofie, Helga, Karna, Liten Ida, Elsi, Åsta, Marte, Ida og Zara kan du bli nærare kjent med dei i desse bøkene (i tilfeldig rekkefølgje): Små nøkler, store rom, Jentene gjør opprør, Amtmandens døtre, Liten Ida, Forberedelsen, Okkupert kjærleik, Vi som går kjøkkenveien, Det aller fineste og Den som henger i en tråd.
Oppgåve:  Prøve å koble rett person med rett tittel!  Og er du godt kjent i den norske bokheimen veit du kanskje namnet på forfattarane også? (Fasit får du ikkje her, men du kan jo spørje på biblioteket.)

Nettutstillinga Fortellinger om henne er sjølvagt perfekt for skulen, men alle med interesse for norsk historie, norsk litteratur og kvinnekår kan finne myke morosamt her.

Britt Haugland
Seljord bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar