Cecilie Enger skreiv i
2007 ein biografisk roman om Ellisif Wessel sitt liv. Tidlegare har Steinar
Wikan skrive biografi om henne.
Ellisif Müller vart fødd i 1866 i ein velståande familie på Dovre og 16 år gamal reiste ho til Kristiania for å få vidare utdanning. Der trefte ho syskenbarnet sitt, Andreas Wessel, og dei gifta seg – sterkt imot hennar mors vilje.

Andreas,
som var utdanna lege, fekk legekall i Kirkenes, som slik vart bustaden deiras
for resten av livet. Ellisif var sekretær og medhjelpar da mannen dro på
sjukebesøk. Ho fekk førstehands kjennskap til fattigdomen
som herska overalt. Ellisif skulle sjølv få det tøft, da ho fødte 7 barn og
ingen levde opp. Den vakre naturen og
folkelivet opptok henne og ho vart ein ivrig hobbyfotograf. Fleire av fotografia
hennar dokumenterar den samiske kulturen i Sør-Varanger området, bileta fins i
boka ho gav ut i 1902: ”Frå vor grændse mod Russland”. Bilder fra Finnmark
Ellisif engasjerte seg meir og meir i forholda som dei fattige levde under og såg klart kva slags dårlege arbeidsforhold og ulukker gruvearbeidarane blei utsett for. Takka vere hennar politiske og sosiale engasjement, stod ho opp mot det mektige A/S Sydvaranger Gruveselskap og fekk innført fagforeiningar for arbeidarane. Ho arrangerte streikar og demonstrasjonar for høgare løn og betre bu- og arbeidsforhold. Ho var svært radikal i sin agitasjon og fekk mange fiendar, men ho held fram med å skrive i aviser og tidsskrift, lærte seg t.o.m. russisk og let russiske flyktningar bu heime hos seg.

Ei sterk og modig
kvinne, eit stort sosialt hjarte – langt forut for si tid når det gjaldt
arbeidsrettigheitar og demokrati, og ein dyktig fotograf som etterlet seg eit
viktig kulturhistorisk biletmateriale frå Kirkenes og Sør-Varangerområdet.
Cecilie Enger har
meistra den vanskelege kunsten å skrive ein biografisk roman slik at den fengar
frå første til siste side, nettopp fordi ho har fått fram denne sterke kvinna
sin personlegdom og samfunnet rundt på ein realistisk måte. Ellisif Wessel
føyer seg inn i rekka av fleire andre sterke kvinneskikkelsar i samfunnet og i
litteraturen frå starten av 1900-talet.
Bodil Otterholt
Tokke bibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar