tirsdag 19. februar 2013

Levande lydbok



Du er kanskje ein som les mykje bøker heile tida, eller du er ein periodelesar. Kanskje har du aldri vore opptatt av litteratur, eller du har vore borte frå bokhylla ei stund?





Men, kjenner du gleda ved å høyre gode tekstar? Ja, då er du velkomen til biblioteket  for å møte vår ”Levande lydbok”, Hæge Manheim, og andre med interesse for det skrivne og lesne ord. 




Hæge vil lese utvalte tekstar fire onsdagar frametter: 27.02, 20.03, 24.04, 22.05 både på Kviteseid folkebibliotek (kl.11.00) og på Seljord bibliotek (kl.12.30). 

Tekstane omfattar tema som, Tarjei Vesaas, påskekrim, humor, vår og kjærleik.


Vel møtt til ein kaffekopp og ei hyggeleg lesestund på biblioteket.



Helsing Britt og Anne Brit

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar