torsdag 31. januar 2013

Praksiblikk

Opplevingar og eit lite boktips frå bibliotekstudenten med røtter i Kviteseid.

 

Lene Breidalen. Foto: ABB

Biblioteket er ein kjær arena for både etterlengta svar og nyfunne spørsmål og oppdagingar. Eg sjølv har hatt gleda av å ha praksis på eit nært og elska folkebibliotek som betydde mykje for meg i mine tidlegare skuleår. Her finst både spenning, romantikk og mykje anna, alt samla i eit roleg og triveleg lokale med avslappande stemning og meditasjonsro. 

Nå ja, kanskje ikkje så alt for mykje stillhet og ro, for ingenting kan slå gleda av å sjå entusiasmen og iveren blant små born som med evigung energi ransakar hyllene på jakt etter gode historiar. Eg var sjølv eit slikt born ein gang i tida, og minnast alle dei store opplevingane det gav meg. Det er rett og slett utruleg kor mykje av verda som kan samlast i eitt lite lokale. Nei, er det eigentleg noko rart at ein elskar biblioteka? 

Ein heil månad har eg vore her nå, på folkebibliteket i sentrum av Kviteseidbyen, og sjeldan har eg hatt meir lyst til å fullføre eit studium og komme meg ut i fast jobb. Alas, så må eg vel komme meg tilbake til høgskulen og lære enda litt meir om klassifikasjon og referansesamtaler. Men før eg forlater skranka vil eg gjerne fortelje litt om ein fantastisk bok som kom til mi merksemd då eg studerte i Trondheim.

"My mother called me Silver. I was born part precious metal part pirate. I have no father. There's nothing unusual about that - even children who do have fathers are often surprised to see them. My own father came out of the sea and went back that way. He was crew on a fishing boat that harboured with us one night when the waves were crashing like dark glass. His splintered hull shored him for long enough to drop anchor inside my mother. Shoals of babies vied for life. I won."

Boka heiter Lighthousekeeping (eller Fyrvakt for dei som føretrekkjer godt norsk), og er ein eventyrleg reise utanom det vanlege skreven av den britiske forfattaren Jeanette Winterson. Winterson har aldri vore kjent for å følgje faste reglar for skrivekunst, men leikar seg på ein forfriskande måte med ulike sjangarar. Ho blandar både humor, drama, spenning og filosofi, samtidig som boka inneheld både tydelege og meir subtile henvisningar til andre litterære verk og historiske personar. Blant desse kan nemnast Robert Louis Stevenson, Darwin og Virginia Woolf.

Boka inneheld fleire parallelle livshistoriar, interessant fletta saman, men utan nokon klar samanheng eller plot. Men dette var då heller ikkje intensjonen til forfattaren. Linken mellom historiane ligg meir i temaene for boka; nemleg lengsel og rotløyse. Eg har aldri heilt klart å gløyme boka, med den vesle jenta Silver som i lag med hunden Jim blir sendt til den blinde Pew for å bli fyrvokter etter moras død. Den finnast på norsk, men kan så absolutt anbefalast på engelsk også!

"I have a list of titles that I leave at the library desk, because they are bound to be written some day, and it's best to be ahead of the queue." Silver

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar