fredag 25. januar 2013

Bokryggpoesi

Flott ord, ikkje sant? Og morosamt påfunne!
Viss du ikkje veit akkurat kva bokryggpoesi er kan du lese meir på digglitt, men kortversjonen er at du legg bøker på kvarandre, les bokryggane frå toppen og ned og vips har du laga eit "dikt" eller kanskje "novelle". Som regel er vel ikkje titlane vald heilt tilfeldig, men kanskje ein kunne leike blindebukk på hyllene og på den måten få seg ei overrasking? Kankje til og med ny innsikt?
Og når du jobbar i bibliotek kan du skape poesien både når du katalogiserer, plastar bøker eller ryddar - kjeldene er mange, gamle og nye! Nå har eg i alle fall hatt det moro med å laga mitt fyrste bokryggpoesibidrag, det er heilt klart stor fare for at det kan bli fleire. 















Britt i Seljord

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar