onsdag 12. desember 2012

KJERNESUNN JULEMAT



"100 Prosent kjernesunn jul uten sukker, melk og gluten"




Hmmm... tenkjer eg, kan nå dette bli godt?  Men så er det nå slik at fleire og fleire av oss får matallergiar eller matintoleranse, og kva skal vi eta?  
Viss du er av dei som strevar for å finne noko etande eller du får besøk i jula av folk med matallergi, kan kanskje denne boka vera til nytte: Kjernesunn julemat

Boka er dela inn i fem hovudemne: Desembersnop og juleknask, Juledrikker, Julemiddager, Juledesserter og Julefrokost.

Eit kjapt blikk på oppskriftene viser at søtninga består av anten xylitol, fersken, fiken eller frisk frukt.  Og alternativa til kornprodukta består av blant anna bokhvete, fullkornsrismjøl og mandelmjøl.  Forfattarane Ninka-Bernadette Mauritson, Morten Mauritson og Heidi Bachman har krydra boka med inbydande bilete og lekker design.

Smakebitar frå boka: Appelsinkuler, Marsipan i ulike variantar, tørka frukt duppa i sjokolade, dadlar med ingefær og klementin, sjokoknas, peppernøtter, sesamkuler, hasselnøttnougat, mokkakuler, sitruskuler etc.




Ynskjer dykk alle ei god og sunn jol!
Bjørg Irene Abrahamsen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar