fredag 7. desember 2012

Adventskos på Tokke bibliotek

2. klasse frå Tokke skule besøkte Tokke bibliotek. På programmet stod litterær quiz, noko dei løyste med iver og stor kunnskap. Klassa har vore på biblioteket jamt gjennom året og har stor leselyst.
Etter vel gjennomført quiz vart det jolegløgg og pepparkaker med høgtlesing frå Prøysen: Den vesla bygda som glømte at det var jul.


Bodil, Tokke bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar