lørdag 10. november 2012

Skumringstime med nordisk litteratur?



Nordisk bibliotekveke

 

Nordisk bibliotekveke er eit prosjekt under Foreningen Nordens Forbund (FNF) som tek sikte på å spreie leseglede, nordisk litteratur og utdanning til Norden og nærområda.







Måndag 12. november 2012 startar Nordisk bibliotekveke for 16. gang - ei veke fylt med nordisk forteljartradisjon og litteratur. 

Når det er på det mørkaste i landa våre, tenner vi ljos og les ei bok. Det er dette Nordisk bibliotekveke handlar om. 

Nordisk bibliotekveke oppfordrar til - Morgongry (høgtlesning for barn) og Skumringstime (høgtlesning for vaksne).

Ynskjer du å delta i "samlesinga" kan du finne lesetipsa på
Nordisk bibliotekuke





Det er freistande å nytte dette høvet til å minne om litteratur og filmar frå grannelanda våre.
Det er meir enn Henning Mankell, Arto Paasilinna og Jette Kaarsbøl.

Gjer eit søk i felleskatalogen vår frå vest-telemarkbiblioteka.no 

- eller velg ditt bibliotek derifrå.

Helsing
Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek
”Det er ei viljesak å tenke nordisk”


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar